From Wikipedia, the free encyclopedia
Cupvinnarcupfinalen i fotball 1964 vart avgjort på Bosuilstadion i Antwerpen den 15. mai 1964 då Sporting Lisboa i omkamp vann 1-0 over MTK Budapest. Den fyrste finalekampen fann stad to dagar tidlegare på Heysel-stadion i Brussel og enda 3-3. Einast 3 208 tilskodarar såg oppgjeret i Brussel, medan 13 924 var til stades i Antwerpen.
Under kampen i Brussel gav Károly Sándor gav MTK leiinga i det 19. minutt, før skåringar av Mascarenhas Silva i det 40. og Ernesto Figueiredo sekundar før pause snudde stillinga i Sportings favør. 27 og 29 minuttar ut i den andre omgangen vende to kjappe nettkjenningar ved István Kuti og førnemnde Sándor stillinga til MTK sin fordel, 3-2. Leiinga varte berre fem minuttar, då gjorde også Figueiredo sitt andre mål for dagen og kampen enda 3-3.
I Antwerpen vart det ikkje meir enn ein mann som makta finne nettmaskane, forsvarsspelaren João Morais avgjorde pokalkampen i det 20. minutt.
Lucien van Nuffel dømde kampen i Brussel, Gérard Versyp i Antwerpen, begge var frå Belgia.
Sporting Lisboa-laget var: Joaquim Carvalho, Pedro Gomes, Alexandre Baptista, José Carlos José, João Morais, Fernando Mendes, Geo Carvalho, Mascarenhas Silva, Osvaldo Silva, Ernesto Figuereido og Bé Bocareli.
MTK Budapest-laget var: Ferenc Kovalik, György Keszei, József Danszky, István Jenei, István Nagy, Ferenc Kovács, Károly Sándor, Mihály Vasas, László Bödör, István Kuti og István Halápi.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.