Marcus Licinius Crassus (ca. 115 f.Kr.-ca. 53 f.Kr.) var ein romersk general, politikar og aristokrat som saman med Pompeius og Julius Cæsar danna det første triumviratet. Crassus tilhøyrde den romerske nobiliteten og faren var ein høgsett statsmann og konsul. Crassus tok del i borgarkrigen mot Sulla i 83 f.Kr., og skaffa seg i ettertid store verdiar på kostnad av dei proskriberte ved hjelp av eigedomsspekulasjon og pengeutlån. Rikdomen nytta han til å skaffe seg politisk innverknad, og han fekk kommandoen over styrkane som nedkjempa Spartakusopprøret i 71. I 70 vart han konsul saman med Pompeius og støtta arbeidet med å endre den nye forfatninga til Sulla, men rauk snart uklar med Pompeius.

Thumb
Byste av Crassus frå ca. det første hundreåret f.Kr. Bysten held til i Louvre i Paris.

I 60-åra nærma han seg Julius Cæsar politisk, og var ein av Catilina sine medsamansvorne då sistnemnde la planar om å kuppe makta i republikken. Då Pompeius vende attende til Roma etter å ha opplevt militær suksess i Asia, fann Crassus, Cæsar og Pompeius saman i det såkalla første triumviratet. Crassus vart igjen konsul saman med Pompeius i 55, og fekk dinest styre provinsen Syria som prokonsul i fem år. Som prokonsul byrja han straks ein krig mot Partia, som han vona skulle gje han rikdomar og gjere han vidgjeten. Men krigen mot partarane vart ikkje noko ærerikt felttog for Crassus: Han vart narra inn i ørkenen og knust i slaget ved Carrhae. I samband med fredsforhandlingane vart han utsett for eit attentat og mista livet. Det blir fortald at det avhogde hovudet hans vart synt fram for partarkongen, som helte smelta gull i munnen til den døde med orda: «Sløkk no gulltorsten din!»[1]

Kjelder

Fotnotar

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.