Christian Morgenstierne
norsk arkitekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Christian Frederik Jacob von Munthe av Morgenstierne (9. april 1880–13. desember 1967) var ein norsk arkitekt frå Oslo som i kompaniskap med Arne Eide forma ei rekke markerte bygningar i heimbyen.
Christian Morgenstierne | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. april 1880 Christiania |
Død |
13. desember 1967 (87 år) |
Yrke | arkitekt |
Ektefelle | Astri Torsell |
Christian Morgenstierne på Commons |
Morgenstierne var murar, utdanna 1895-98 ved Statens kunst- og håndverksskole. Så barst det 1898-1900 til den tekniske høgskulen i Charlottenburg i Berlin. I 1904 tok han arkitekt-eksamen i Chicago og arbeidde i USA dei neste fem åra. År 1909 vende han heim og var med å grunnleggje firmaet Morgenstierne & Eide i Oslo. Firmaet stod bak utforminga av ei rekke bygningar til ulike formål, både arbeidarbustader, hageby, villabygg og skular. Torggata Bad, Aker Sparebank og Folketeaterbygningen er døme på Morgenstierne sine stildrag.
Morgenstierne hadde fleire offentlege verv i byutvikling og han var formann i Oslo Arkitektforening frå 1919. Han vart tildelt St. Olavs Orden i 1948.
Kjelder
- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.