Chris eller Kris er førenamn og kortnamn for fleire ulike kvinne- og mannsnamn. Det kan vera ei kortform av namn som byrjar med Kris-, særleg Christopher, men også Christian, Christiane, Kristina og nærskylde namn. I Noreg er Chris mest utbreidd som mannsnamn.
Bruk
Kris er eit utbreidd namn i Belgia, der 0,23 % eller 11 878 menn heitte Kris i 2002.
Chris er utbreidd i USA. Bruken av Chris som døypenamn voks frå 1940-talet, og var mest brukt rundt 1960, då over 0,3 % av gutar og 0,05 % av jenter fødde i USA fekk namnet.
Chris var særs populært i Noreg rundt 1990, då over 2,5 % av nyfødde gutar fekk namnet. I Noreg var det 1 315 menn som heitte Chris og 112 som heitte Kris i 2009. 24 kvinner heitte Chris og 4 heitte Kris.
Namneberarar
- Kris Kristofferson (f. 1936), amerikansk countrysongar og skodespelar
- Chris Rea, eigentleg Christopher Anton Rea (f. 1951), britisk musikar
- Chris Isaak, eigentleg Christopher Joseph Isaak (f. 1956), amerikansk musikar
- Chris Lowe (f. 1959), britisk musikar, døypt Christopher
- Chris Cornell (f. 1964), amerikansk musikar
- Chris Penn (1965–2006), amerikansk skodespelar, døypt Christopher
- Chris Rock eigentleg Christopher Julius Rock, (f. 1965), amerikansk komikar
- Chris Pirillo (f. 1973), amerikansk TV-vert
- Kris Marshall (f. 1973), engelsk skodespelar
- Kris Freeman (f. 1980), amerikansk langrennsløpar
- Chris Lee (f. 1982), norsk hip hop-artist
- Chris Volstad, (f. 1986), amerikansk baseballspelar
- Chris Brown (f. 1989), amerikansk hip hop/RnB-artist
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.