Sembrafuru
planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Sembrafuru (Pinus cembra) er eit rettstamma eviggrønt nåletre av furufamilien. Treet har lange nåler som sit i buntar på fem. Treet er naturleg utbreidd i to område; i dei sveitsiske Alpane og Karpatane (var. helvetiva) og i Aust-Russland og Sibir (var. sibirica). Denne sistnemnde er av somme botanikarar rekna som ein eigen art, Pinus sibirica. Båe variasjonar er planta og forvilla mange stader i Noreg.
Sembrafuru | |
Sembrafuru | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av sembrafuru | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Furufamilien Pinaceae |
Slekt: | Furuslekta Pinus |
Underslekt: | Haploxylon |
Seksjon: | Cembra |
Art: | Sembrafuru P. cembra |
Vitskapleg namn | |
Pinus cembra |
Sembrafurua har stor, eggforma eller søyleforma krone. Ho framstår som eit fyldig og vakkert tre, og er mykje bruka som park- og hagetre.
Nålene er 7-9 cm lange, mjuke og glinsande mørkgrøna med fine kvite striper på undersida.
Unge konglar er mørkt purpurfarga, mogne konglar er raudbrune, butt eggforma og om lag 8 cm lange. Frøa sit i konglane til konglane har ramla ned frå treet. Frøa er store, nesten som små hasselnøtter. Sembrafuru kan bli mellom 500 og 1000 år gamal.[treng kjelde]
I Sibir vert sembrafurua opptil 40 m høg; i Alpane knapt halvparten.
Sembrafurua er hardfør, ho kan vakse heilt inn mot isbrear. Ho set moderate krav til jordbotnen. Ho veks gjerne på leirhaldig jord, men kan òg vakse på myr. Småtre toler noko skygge, medan fullvaksne tre treng fullt lys.
Hjortevilt beitar gjerne på baret og barken av unge tre. Fuglar og gnagarar et gjerne dei næringsrike frøa. Fuglar kan spreie ta med seg konglar og slik hjelpe til med å spreie frøa.
Veden er mjuk, men varig. I Sveits vert han helst bruka til innvendig panel og møblar.
Sembrafururfrø er næringsrike, og under pomorhandelen vart cembrafrø hausta i Sibir selde under namnet russenøtter. Frøa vert også brukte til å smaksetta brennevin (snaps).
Baret vert bruka som pyntegrønt. Treet vert planta som parktre. I Noreg er det berre forsøksvis planta som skogbrukstre.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.