romersk skribent og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Marcus Porcius Cato (234 f.Kr.-149 f.Kr.) var ein romersk statsmann, ofte kalla «Censoren», Sapiens, Priscus, eller «Den eldre» for å skilje han frå Cato «Den yngre», som var oldebarnet hans.
Cato den eldre | |
Fødenamn | Marcus Porcius Cato (latin M·PORCIVS·M·F·CATO) |
Statsborgarskap | Romarriket |
Fødd | 234 f.Kr. Tusculum |
Død | |
Yrke | skribent, Ancient Roman historian, samfunnsøkonom, lyrikar, romersk oldtidspolitikar, filosof, orator, historikar, soldat |
Språk | latin |
Politisk parti | optimatene |
Religion | romersk religion |
Far | ukjend verdi |
Mor | ukjend verdi |
Ektefelle | Licinia, Salonia |
Cato den eldre på Commons |
Han var av ein gamal plebeiarfamilie, som var kjend for nokre militære embete, men ikkje kjend for høgare embete i republikken. Han blei oppdregen i tråd med sine latinske forfedrar, til landbruket, som han vigde tida si til, når han ikkje var i militæret. Men etter å ha lagt merke av Lucius Valerius Flaccus, blei han henta til Roma, der han kom til å ha alle embeta i Cursus Honorum: Tribun i 214 f.Kr., kvestor i 204 f.Kr., aedil i 199 f.Kr., pretor i 198 f.Kr., konsul i 195 f.Kr. saman med sin gamle patron Lucius Valerius Flaccus, og til slutt sensor i 184 f.Kr.
Cato den eldre er kjend for å ha avslutta sine talar i senatet med den berømte setninga Ceterum censeo Carthaginem esse delendam, som betyr «Dessutan meiner eg at Karthago bør øydeleggast».
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.