Catherine av Wales
From Wikipedia, the free encyclopedia
Prinsesse Catherine av Wales (fødd Catherine Elizabeth Middleton, 9. januar 1982), før ho blei gift kjend som Kate Middleton, er kona til prins William, hertug av Cambridge, som er nummer to i den britiske tronfylgja.
Catherine av Wales | |||
| |||
Fødd | Catherine Elizabeth Middleton 9. januar 1982 Royal Berkshire Hospital | ||
---|---|---|---|
Tittel | Princess of Wales | ||
Alle titlar | Duchess of Cambridge, Duchess of Cornwall, Princess of Wales, Countess of Strathearn | ||
Hus eller slekt | Fyrstehuset Windsor, family of Catherine, Princess of Wales | ||
Land | Storbritannia | ||
Mor | Carole Middleton | ||
Far | Michael Middleton | ||
Ektefelle | Prins William, hertug av Cambridge | ||
Barn | George av Cambridge, Charlotte av Cambridge, Louis av Storbritannia |
Kate Middleton kjem frå Berkshire, og er eldst av tre sysken. Ho trefte prins William på University of St Andrews i Skottland, og dei var kjærastar i fleire år. Trulovinga vart kunngjort den 16. november 2010, og bryllaupet stod i Westminster Abbey den 29. april 2011. Trulovingsringen som Kate fekk av William var den same som prinsesse Diana av Wales hadde hatt. Ved giftarmålet fekk Catherine tittelen «hertuginne av Cambridge».[1]
Den 22. juli 2013 vart Catherine og William foreldre til George, 2. mai 2015 fekk dei dottera Charlotte,[2] og 23. april 2018 sonen Louis.[3]
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.