familie av papegøyefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Kakaduer er 21 fugleartar som tilhøyrer den biologiske familien Cacatuidae. Saman med parakittar, Psittacoidea, og dei store papegøyane på New Zealand, Strigopidae, utgjer dei saman den biologiske ordenen papegøyefuglar, Psittaciformes. Familien har ein hovudsakleg australasiatisk distribusjon, frå Filippinane og dei austlege indonesiske øyane til Ny-Guinea, Salomonøyane og Australia. Namnet kakadu(e) stammar frå det indonesiske namnet på desse fuglane, kaka(k)tua.
Kakaduer | |
Kvittoppkakadu, Cacatua alba Foto: Wikipedia-brukar Heggy | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av kakaduer | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Psittacimorphae |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Familie: | Kakaduer Cacatuidae G. R. Gray, 1840 |
Kakaduer har mykje til felles med andre papegøyefuglar, mellom anna nebbforma og føtene med to tær framover og to bakover. Ein av tinga som skil dei er at kakaduene ofte har ein hanekam som kan slåast opp. Kakaduer er kjenneleg på den prangande fjørtoppen og det strerkt bende nebbet. Fjørdraktene er generelt mindre fargerike enn hos andre papegøyar, ho er hovudsakleg kvit, grå eller svart og ofte med fargavariasjonar i fjørtopp, kinn eller hale. I gjennomsnitt er dei større enn andre papegøyar; likevel er nymfekakadu, den minste kakaduarten, ein liten fugl.
Dietten er sett saman av frø, rotknollar, frukt, blomar og insekt. Dei beitar ofte i store flokkar, spesielt når dei plukkar føda på bakken. Kakaduer er monogame og hekkar i hole tre. Nokre kakaduartar har vore negativt påverka av habitattap, spesielt ved mangel på eigna hekkeplassar etter at store tre er blitt fjerna; og omvendt, nokre artar har tilpassa seg godt menneskelege endringar og blir no rekna som skadedyr i landbruket.
Kakaduer er populære, men krevjande fuglar i fuglerøkt. Nymfekakadu er den enklaste kakaduarten i avikultur, og er utvilsamt den mest talrike i fangenskap. Kvite kakaduer er meir vanleg i fangenskap enn svarte kakaduer. Ulovleg handel med fanga villfuglar medverkar til nedgangen av nokre av kakaduartane.
Kakaduer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Slekt Probosciger
Slekt Calyptorhynchus
Slekt Callocephalon
Slekt Lophochroa
Slekt Eolophus
Slekt Cacatua
Slekt Nymphicus
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.