Bygdeborg eller tjuveborg er eit primitivt festningsanlegg, helst reist på små og bratte fjelltoppar som er utilgjengelege frå fleire kantar. Dei ligg gjerne på strategisk viktige stader, og med god utsikt over den nærliggjande bygda.
Forsvarsverka er som regel bygd opp av enkle tørrsteinsmurar av naturstein som truleg har vore forsterka eller supplert med palisadar, og finst helst mot den sida av åsen eller høgda der tilgangen er lettast. Det er sjeldan funne restar av huskonstruksjonar innanfor murane, men dei fleste borgene har hatt tilgjenge til vatn ved brønnar eller naturlege kjelder. Bygdeborger er vanlege i både Sverige og Noreg, og ein reknar med at dei norske borgene for det meste skriv seg frå eldre jarnalder (romersk jarnalder og folkevandringstida).
Bygdeborgene vert dels rekna som førebels stader for tilflukt under urolege høve i folkevandringstida, og dels som festningsanlegg i utkantane av dei gamle rika. Fleire norske namn på «slott» eller «borg» er knytt til slike bygdeborger. Det er funne meir enn 300 bygdeborger i Noreg, særleg konsentrert om Oslo-området, i Rogaland og i Trøndelag.
Kjente bygdeborger frå ulike kantar av Noreg
- Ravneberget, Sarbsborg, Østfold
- Skaugumsåsen, Asker, Akershus
- Kolsås, Bærum, Akershus
- Stein, Ringsaker, Hedmark
- Høgdebø på Vollen, Kongsberg, Buskerud
- Skanse i Gunhildrud, Øvre Eiker, Buskerud
- Stein, Skoger, Buskerud
- Gråtoppslottet, Drangedal, Telemark
- Slottet i Bergsbygda, Eidanger, Telemark
- Steinviksås, Solum, Telemark
- Borgefjell, Lista, Vest-Agder
- Saleslottet, Lista, Vest-Agder
- Børshovda ved Røykenes , Sveio, Hordaland
- Steinslandssåto, Utbjoa, Rogaland
- Ytraberg, Hafrsfjord, Rogaland
- Sandvinhaugen, Odda, Hordaland
- Borgklinten, Ørland, Sør-Trøndelag
- Hoøya, Selbu, Sør-Trøndelag
- Slottet, Harstad, Troms
- Bårknuten, Vegårshei, Aust-Agder
Kjelder
- «bygdeborg» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
- Bygdeborger i Etne
- Bygdeborger i Oslo-området Arkivert 2007-01-13 ved Wayback Machine.
- Bygdeborger i Rogaland Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.