From Wikipedia, the free encyclopedia
Buzkashi (frå persisk buz-kašī som tyder 'geitedraging')[1] er ein idrett frå Sentral-Asia der spelarar til hest tevlar om å få kontroll over kroppen til ei geit eller ein kalv. Det er rekna som ein nasjonalsport i Afghanistan.
Spelet er kjend under fleire ulike namn, som kirgisisk ulak tartiş' (улак-тартыш), kasakhisk kokpar (кокпар) og tyrkisk kökbörü[2] eller gökbörü. Det kan førast tilbake til dei nomadiske forfedrane til sentralasiatane, som var dyktige ryttarar. Mongolar skal til dømes ha kunna stela husdyr frå fiendar i fart, utan å gå av hesten. Ei soge om opphavet til buzkashi er at sporten oppstod som ei trening for å motstå slike raid.[3]
Buzkashi kan ha fleire ulike former og reglar. Det finst to hovudformer som er kjende som tudabarai og qarajai. Tudabarai er ei enklare form der målet med spelet er å plukka opp kalven frå ein runding og få han med seg vekk medan ein held seg klar av dei andre spelarane. Qarajai går ut på å ta med seg kalven rundt eit mål på ei side av banen og tilbake til laget sitt skåringsområde.[4]
Spelet er røft og har tradisjonelt hatt få reglar, til dømes berre mot å bruka pisken mot ein motspelar eller dytta han av hesten med vilje. Banet, talet på spelarar og oppførsel kan dermed variera. I eit spel kan kvar spelar tevla for seg sjølv eller ein kan vera på lag. Banen kan vera ein naturleg arena, som eit dalsøkk eller ei elv, eller ein kan ha oppmålt bane.
Reglane blir berre følgde i områda rundt Kabul.[3]
Det er ikkje lov å ri mot tilskodarane eller å få hjelp frå dei under spelet.
Meisterspelarar er heltefigurar som blir kalla chapandaz. Spelarane trener styrke og teknikk frå ung alder, men treng også mykje erfaring. Ein del buzkashikjennarar meiner ein først kan vera ein meisterspelar etter fylte førti.[3]
Ein god hest er minst like viktig som ein god ryttar. Buzkashi-hestar må vera både raske og uthaldande. I Afghanistan bruker ein to typar - tartarhesten frå Baghlan, Kunduz, Samanga, Takhar og Badakhaahan, og habash-hesten frå Turkistan-slettene som strekkjer seg frå Mazar-e Sharif til Maimana.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.