elv i Leningrad oblast i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Burnaja (russisk Бу́рная, finsk Taipaleenjoki) er ei elv i Leningrad oblast Russland på Det karelske neset. Elva renn frå innsjøen Sukhodolskoje til innsjøen Ladoga og er ein del av nedslagsfeltet til Vuoksen. Før vinterkrigen og den finske framhaldskrigen låg elva i Finland og vart kalla Taipaleenjoki.
Burnaja | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 10 km | ||
Munning | Ladoga | ||
Burnaja 60.6245°N 30.5056°E | |||
Wikimedia Commons: Burnaya River | |||
Opphavleg rann vatnet frå Suvantosjøen (Sukhodolskoje) roleg inn i Vuoksen via vassvegen ved Kiviniemi. I 1818 vart kanalen grave ut for å drenere vatn under vårflaumen frå Suvanto inn i Viisijoki til Ladoga, og kanalen vart uventa omdanna til Taipaleenjoki. Dette førte til at Suvantosjøen miste mykje vatn og vassnivået fall sju meter. Vassvegen i Kiviniemi turka inn. I 1857 vart det grave ein kanal der, men elva rann då andre vegen med mange stryk som gjorde transport til Kiviniemi umogeleg. Etter 1857 har Sukhodolskoje og Burnaja utgjort den sørlege greina av Vuoksen, noko som har ført til mindre vassføring i den nordlege greina gjennom Priozersk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.