tibeto-burmansk språk From Wikipedia, the free encyclopedia
Burmesisk (ဗမာစာ, eller bama sa) er det offisielle språket i Myanmar/Burma. Sjølv om den engelske utgåva av den burmesiske grunnloven offisielt definerer språket som the Myanmar language (det myanmarske språket),[1] blir det internasjonalt framleis referert til som Burmese eller burmesisk - etter Burma, det eldre namnet på Myanmar.
Burmesisk ဗမသ [bama sa] | ||
Klassifisering | sinotibetanske språk tibetoburmesiske språk | |
Bruk | ||
Tala i | Myanmar, Thailand, Bangladesh, Malaysia, USA, Storbritannia, Laos og Singapore | |
Område | Søraustasia | |
Burmesisktalande i alt | 22 million | |
Rangering | 42 | |
Skriftsystem | Burmesisk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Myanmar | |
Normert av | - | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | my | |
ISO 639-2 | bur (B) / mya (T) | |
ISO 639-3 | mya | |
Burmesisk er eit medlem av den tibeto-burmesiske språkfamilien, som høyrer til blant sino-tibetanske språk. Burmesisk blir snakka av 22 millionar som førstespråk, og som andrespråk av språklege minoriteter i Myanmar, til dømes av kinesarar, indarar, og karen, mon og shan-folk. Burmesisk blir skrive med det burmesiske skriftspråket. Dette er avleidd av mon-skrifta, som på si side byggjer på pali-skrift. Burmesisk er eit tonespråk og har fire tonar.
I tillegg til dialektskilnader, er det i burmesisk også eit skilje mellom formell og uformell burmesisk. Skiljet er ikkje så mykje eit klasseskilje som eit skilje mellom ulike talesituasjonar, der det blir brukt ulike språkvariantar i litterære samanhengar og offentleg på den eine sida, og i private på den andre.
Det burmesiske skriftsystemet er avleidd frå mon-skrifta, som var dominerande i nedre Burma. Karakteristikkar ved burmesisk skrift er mellom anna:
Konsonantane i burmesisk er:
Bilabial | Dental | Alveolar | Postalveolar og palatal |
Velar og labiovelar |
Glottal | Arkefonem | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Plosivar og affrikatar | pʰ p b | tʰ t d | tʃʰ tʃ dʒ | kʰ k g | ʔ | ||
Nasalar | m̥ m | n̥ n | ɲ̥ ɲ | ŋ̊ ŋ | N | ||
Frikativar | θ (ð) | sʰ s z | ʃ | h | |||
Approksimantar | (r) | j | (ʍ) w | ||||
Laterale approksimantar | l̥ l |
Approksimantane /r/ og /ʍ/ er sjeldne, det same er [ð] bortsett frå som stemt allofon av /θ/.
Arkefonemet /N/ er realisert som nasalisering av føregåande vokal eller som nasal homorganisk med neste konsonant, slik at /mòuNdáiN/, 'storm', er uttalt [mõ̀ũndã́ĩ].
Vokalane i burmesisk er:
Monoftongar | Diftongar | ||
---|---|---|---|
i | u | ei | ou |
e | o | ai | au |
ə | |||
ɛ | ɔ | ||
a |
Monofongane /e/, /o/, og /ɔ/ førekjem berre i opne stavingar (det vil seie stavingar utan stavingskoda). Diftongane /ei/, /ou/, /ai/, og /au/ førekjem berre i lukka stavingar (stavingar som har stavingskoda).
Burmesisk er eit tonespråk, det vil seie at det er ein meiningsberande kontrast mellom ordformer på bakgrunn av grunntonevariasjonen til vokalen. Det er fire kontrastive tonar i Burmese. I denne tabellen er tonane vist på vokalen /a/, dei fonetiske skildringane er frå Wheatley (1987).
Tonenamn | Symbol (vist på a) |
Skildring |
---|---|---|
Låg | à | Normal fonasjon, medium varigheit, låg intensitet, låg (ofte litt stigande) frekvens |
Høg | á | No og då luftfylt, relativt lang, høg intensitet, høg tone (grunnfrekvens); ofte med eit fall før ein pause |
Knirkete | a̰ | Stram (tense) eller knirkete fonasjon (ofte med (glottal plosiv), medium varigheit, høg intensitet, høg (ofte litt fallande) tonehøgd |
Stoppa (Checked) | aʔ | Glottal plosiv-ending, kort durasjon, høg tone i tydeleg tale, kan variere i kontekst |
Dei følgjande orda representerer minimale par etter tone:
I stavingar som sluttar på /N/ er berre tre tonar mogleg. Stoppa tone er ikkje mogleg i slike stavingar:
Stavingsstrukturen i burmesisk er C(G)V((V)C), det vil seie at onset består av ein konsonant, eventuelt ein glidelyd, og at rimet inneheld ein monoftong, ein monoftong med konsonant, eller ein diftong med konsonant. Dei einaste konsonantane som kan stå i codaen er /ʔ/ og /N/. Jf. desse døma:
Ei staving med schwa (/ə/) som vokal har visse fonotaktiske restriksjonar:
Nokre ord som inneheld stavingar med /ə/:
Adjektiv kjem før substantiv i nominalfrasen. Superlativ blir uttrykt med prefikset a + adjektiv + suffikset zonh.
Substantiv blir ikkje delt inn i genusklasser, og ikkje bøygd i numerus eller kasus.
Ordstillinga i burmesisk er subjekt-objekt-verb (SOV-språk).
Mykje av ordforrådet er frå pali og sanskrit, og etter 1800-talet frå engelsk.
Burmesisk har ikkje genus, i staden har det, som ein del andre sørasiatiske språk, eit klassifikatorsystem. Substantiv er delt opp i klasser etter ulike kriteria, og når dei får kvantorar framfor seg, vil det for kvar klasse vere ulike former av same kvantor å velje frå. Ordet for «mengde» er ku for ting, kaung for dyr, og yao for menneske. «Tre personar» er til dømes lu donh yao ('person tre mengde').
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.