From Wikipedia, the free encyclopedia
Britt MiRee Abrahamsen (fødd 7. august 1973)[1] er ein norsk forfattar, biletkunstnar, journalist og lærar frå Tromøya i Arendal.
Abrahamsen har studert kunst og språk i ulike delar av verda, mellom faga er russisk samtidslitteratur og klassisk arabisk. Ho har reist mykje i mellom anna Europa, Midtausten, Nord-Afrika og det tidlegare Sovjetunionen, og har som kunstnar hatt utstilling i fleire av desse landa, som Syria, Libanon og Dei sameinte arabiske emirata. Ho har òg stilla ut heime på Sørlandet, i Risør, Arendal og Kristiansand.
MiRee Abrahamsen debuterte som forfattar i 1999 med lyrikk. Den andre boka, I skyggen av Qassioun, er ein roman om ein arabisk familie i Damaskus, medan dei to neste romanane er lagt til Sørlandet. Forfattaren er blitt nominert til Sørlandets litteraturpris tre gonger.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.