Det britiske parlamentet
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.
Det britiske parlamentet | |||
| |||
| |||
Type | Parlament, tokammersystem | ||
---|---|---|---|
Virkefelt | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Skipa | 1801[1] | ||
Hovudkontor | Palace of Westminster | ||
Jurisdiksjon | Storbritannia | ||
Nettside | https://www.parliament.uk/ |
Det britiske parlamentet er den høgaste lovgjevande styresmakta i Storbritannia og dei britiske oversjøiske territoria. Det har tre komponentar: Den britiske monarken, Overhuset (House of Lords) og Underhuset (House of Commons). Berre den siste komponenten er demokratisk valt, men denne har også det meste av den politiske makta i moderne tid. Over- og Underhuset held møte i kvart sitt kammer i Palace of Westminster i London.
Det britiske parlamentet er eit av dei eldste representative lovforsamlingane i verda. Det har røter tilbake til angelsaksisk tid, og har gått gjennom ei rekkje ulike stadium fram til moderne tid. Det har inspirert parlamentsordningar i mange andre land, både dei i Det britiske samveldet og utanfor.