Bramin eller braman (sanskrit bráhmana) er i hinduismen ein prest og medlem av den høgste av dei fire sosiale klassene, varna, i det gamle indiske samfunnet. Braminane, som var dei einaste som var fylt av den mystiske kraften brahman, var sjølvskrivne som prestar og hadde ein viktig rolle ved offerhandlingane. Gjennom tidene har dei vore viktige berarar av indisk kultur, og braminar har utmerkt seg både som politikarar, diktarar og lærde. Jamvel om braminane klarte å overvinne faren som ei stund truga dei frå buddhismen, vart maktgrunnlaget deira rokka i samband med det muslimske og seinare britiske herredømet i India. I dagens India har braminane derimot framleis innverknad.
Det er braminane som har utforma det indiske kastesystemet, og i teorien gjeld dei framleis som den mest høgsette kasten, som «gudar på jorda». I røynda er braminane del av mange ulike kastar, og arbeidet dei gjer varierer mykje.
Kjelder
- «brahmaner» i Store norske leksikon, snl.no.
Denne religionsartikkelen som har med hinduisme å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.