From Wikipedia, the free encyclopedia
Bleikvasslia er ei bygd og ein gard i Hemnes kommune, to mil sør for Korgen. Nordaust for Bleikvasslia ligg Oksttindmassivet og Bleikvatnet som bygda har namn etter. Oksskolten er det høgaste fjellet i Nord-Noreg. I sør ligg Røssvatnet som er Noregs nest største innsjø. Bleikvasslia fekk fast busetting i byrjinga av 1700-talet. Ei årestue frå 1700-talet finst enno intakt.
Bleikvasslia | |||
stad | |||
Kyrkja i Bleikvasslia vart innvigd i 1955. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Hemnes | ||
Postnummer | 8647 BLEIKVASSLIA | ||
Preposisjon | i Bleikvasslia | ||
Ferdselsårer | 806 | ||
Bleikvasslia 65.908333333333°N 13.807222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Bleikvasslia | |||
Næringsgrunnlaget er i hovudsak landbruk. Selskapet Bleikvassli gruber har i dag om lag 20 tilsette, og driv i dag entreprenørverksemd etter at gruvedrifta vart nedlagt for nokre år sidan. Bleikvasslia har butikk, kyrkje og skule. Ved skulen finst ein kopi av ein sørsamisk buplass.
På Karihaugen låg ein arbeidsleir under andre verdskrigen. Brakkene er no rivne, og det er oppført eit nytt bygg som vert brukt som leirstad. Karihaug leirsted er i dag eigd av Normisjon.
Bleikvassli er òg eit etternamn. Ifylgje Statistisk Sentralbyrå er det per 9. januar 2021 12 personar som har Bleikvassli som etternamn.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.