Bjarte Tjøstheim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bjarte Tjøstheim
Remove ads

Bjarte Paul Tjøstheim (fødd 26. juli 1967 i Kristiansand)[1] er ein norsk radioprogramleiar, komikar og skodespelar, mest kjend frå radioprogrammet Radioresepsjonen. Han voks opp på Randaberg i Rogaland.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Bakgrunn

Tjøstheim er fødd i Kristiansand, og budde fram til 1974 på Onøy i Nordland. Seinare flytta familien til Randaberg, like utanfor Stavanger. Han har alltid vore interessert i musikk, og fekk sin fyrste elektriske gitar som 12-åring. Tjøstheim kjem frå ein kristen familie, og faren hans er pensjonert prest.

Karriere

Tjøstheim byrja radiokarrieren i Radio Vest som 17-åring.[1] Sidan 2. januar 2006 har han, saman med dei to brørne Steinar og Tore Sagen vore programleiar i RadioresepsjonenNRK P13 (tidlegare NRK P3). Hausten 2010 blei programmet flytta til TV under namnet Radioresepsjonen på TV, før dei gikk tilbake til radio 21. februar 2011.

Som skodespelar har han hatt roller i TV-seriane Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? og Julekongen og ein mindre rolle i TV-serien Lilyhammer. Våren 2013 og 2014 var han ein av syv komikarar i humorprogrammet UnderholdningsavdelingenNRK1. Han vann prisen som årets morosamaste (publikumsprisen) under Komiprisen 2014 og var i tillegg nominert i klassen årets mannlege TV-komikar. Tjøstheim blei den 11. september 2014 ramma av ein blodpropp, men han var tilbake i Radioresepsjonen 24. september 2014.[2]

Remove ads

TV og film

  • 2005: Singelklubben – Bjarte
  • 2006: Jul i Svingen – Servitør
  • 2007: Switch – Lærer
  • 2007: Torsdag kveld med Steinar Sagen – Bjarte
  • 2008: Jubalong – Sjefen for fjernsynet
  • 2010: Radioresepsjonen på TV
  • 2011: Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? – Karsten
  • 2012: Julekongen – Anton, Kevins far
  • 2012: Lilyhammer – Teddy
  • 2013: Underholdningsavdelingen
  • 2014: Død snø 2 – Prest
  • 2014: Doktor Proktors prompepulver – Politimann
  • 2017: Presten – NRK1, Bjarte Tjøstheim spelar seg sjølv som prest
  • 2019: Hellums kro

Radio

  • 1984– ?? Radio Vest
  • NRQ
  • 1999–2003 Holger Nielsens Metode
  • 2006– d.d. Radioresepsjonen

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads