Bitumen er eit svart, seigt hydrokarbon som i nokon grad finst naturleg, men som oftast er skaffa som restprodukt etter destillasjon av råolje, der det framstår som den tyngste fraksjonen med høgast kokepunkt.
Bruksområde
Bitumen blir hovudsakleg brukt til asfaltbetong, der bitumenet blir varma opp og blanda med grus før det blir lagt ned og jamna ut. Andre bruksområde er blant anna taktetting, då spesielt av flate tak. Flytande bitument kan òg brukast som patinering til kunstartiklar i keramikk, gips og metall. Fargegraderinga blir avgjort av kor uttynna det er av t.d. reinsa terpentin. Tidlegare var bitumen brukt som botnstoff på båtar, og til tider òg til vern av hus, naturleg bitumen skal blant anna ha vorte varma opp og smurt på husa i Babylon som vern mot vêr og vind. Bitumen blir òg brukt på kablar og liner.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.