Herdis Birgitte Sættem (fødd 9. juli 1978) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Molde som i tida 1999-2002 vann VM-gull, EM-sølv og OL-bronse. Rykkrom-spelaren vann 11 store meisterskap med Larvik HK.

Kjappe fakta
Birgitte Sættem
StatsborgarskapNoreg
Fødd9. juli 1978 (46 år)
Molde kommune
Yrkehandballspelar
Lukk

Sættem slo gjennom som 21-åring då ho var med på det norske laget som vann gull under handball-VM 1999 på heimebane. Med ei småskadd Kjersti Grini på benken i innleiinga av meisterskapen, tok Sættem ansvar og varta opp med framifrå spel. Året etter var ho delaktig då Noreg sikra ein bronsemedalje under Sommar-OL 2000 i Sydney. Ho var også med på laget som tok sølv i handball-EM 2002 i Danmark.

Fram til 1998 var Sættem aktiv handballspelar i Sportsklubben Rival i Molde. Deretter spelte ho på Larvik HK til ho la opp i 2006, siste sesongane var ho plaga med skadar. Gjennom dei åtte åra i Larvik var ho med å vinne fem seriemeistertitlar og like mange noregsmeisterskap, og cupvinnarcupen 2005.

Merittar

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.