From Wikipedia, the free encyclopedia
Bestumkilen Roklubb (BKR) er ein roklubb i Oslo. Klubben er for vaksne roarar på alle nivå, med båtar for individuell roing og lagroing i både tur- og konkurransesamanhang. Klubb- og båthuset ligg på Maritim på nordsida av Bestumkilen i Oslo, mellom Europaveg 18 og sjøen.
Klubben hadde opphavleg namnet Oslo Kvinnelige Roklubb (OKR), som vart skipa 12. juni 1929 etter initiativ av Harriet Hafsøe, og var i si tid den einaste roklubben for kvinner i Noreg. Etter at det vart vedteke at kjønsskilde idrettsklubbar ikkje skulle vere tillate i norsk idrett, fekk Oslo Kvinnelige Roklubb sine fyrste aktive mannlege medlemar i 2001, og i 2002 vart menn valde inn i styret. Eit par år seinare skifta klubben namn til Bestumkilen Roklubb.
Den fyrste tida leigde Oslo Kvinnelige Roklubb tomt hjå Oslo Seilforening på Lille Herbern, men flytta i 1934 klubbhuset til Sjølyst inst i Bestumkilen. Då den inste parten av bukta skulle skulle fyllast ut, fekk klubben seg den noveranda tomta på Maritim, og nytt klubbhus finansiert av tippemidlar, stod ferdig 14. mai 1961.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.