Berlinkonferansen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Berlinkonferansen

Berlinkonferansen var ein internasjonal konferanse som blei halden i Berlin i 1884–85 og som delte opp Afrika mellom europeiske kolonimakter. Konferansen er rekna som høgdepunktet i det imperialistiske kappløpet om Afrika.

Thumb
Euopeiske koloniar i Afrika i 1913.██ Tyskland██ Belgia██ Spania██ Frankrike██ Italia██ Portugal██ Storbritannia██ Uavhengige land
Thumb
Frå Berlinkonferansen i 1885

Alle europeiske statar blei invitert til å delta i konferansen av den tyske kanslaren Otto von Bismarck. Dei europeiske landa Tyskland, Austerrike-Ungarn, Belgia, Danmark, Frankrike, Storbritannia, Italia, Nederland, Portugal, Russland, Spania, Sverige-Noreg og Det osmanske riket (Tyrkia) deltok på konferansen. I tillegg sende USA og Etiopia delegatar.

Avtalen blei underteikna 26. februar 1885. Berlinkonferansen trekte opp grensene for besittelsane til kolonimaktene i Afrika. Då koloniane seinare fekk sjølvstende, følgde dei nye landa i hovudsake desse grensene.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.