From Wikipedia, the free encyclopedia
Berge Østenstad (fødd Berge Christiansen, 15. september 1964) er ein norsk sjakkspelar.
Berge Østenstad | |
Fødenamn | Berge Christiansen |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. september 1964 (60 år) Oslo |
Idrett | sjakk |
Tok del i | Sjakk-OL 1984, Sjakk-OL 1990, Sjakk-OL 2004 |
Han vart stormeister i sjakk i 2003, som den sjette norske sjakkspelaren. Østenstad har vunne åtte noregsmeisterskap i sjakk, fleire enn nokon annan: I åra 1984, 1990, 1994, 1997, 1999, 2003, 2004 og 2011. Han har dermed ei rekke med kongepokalar. Simen Agdestein har sju noregsmeisterskap. Berge Østenstad oppnådde tittelen internasjonal meister i 1987.
Berge Østenstad kvalifiserte seg for stormeister-tittelen ved gode turneringsresultat på Gausdal og i Biel i 1990. Kravet om å oppnå 2500 i FIDE-rating klarte han i 1991. Det tok deretter ein del år før han klarte det naudsynte tredje resultatet, som kom i ei turnering i Göteborg i 2003.
Berge Østenstad har deltatt 3 gongar på det norske landslaget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk), i åra 1984, 1990 og 2004. Han har eit samla resultat på 10 sigrar, 9 remisar og 10 tap, 14,5 poeng på 29 parti, 50,0 %.
Berge Østenstad blei junior-noregsmeister i sjakk i 1983.[1] Berge Østenstad spelar for Asker sjakklubb.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.