Det finst 206 knoklar i menneskeskjelettet til eit vakse menneske. Fordi det finst anatomiske variasjonar så kan nokre individ ha fleire eller færre bein. Det vanlegaste er å ha ei halsribbe eller fleire lumbarvirvlar. Senebein, slik som kneskåla patella, kan òg variere.

Thumb
Skildring av menneskeskjelettet av Gerard de Lairesse i Govard Bidloos Innleiing til det menneskelige lekam frå 1685.

Ein seier ofte at skjelettet består av 206 bein, men ulike teljemetodar gjev ulike svar. Det kjem an på om ein til dømes tel skallen som eitt eller fleire bein, som då er avhengig om ein reknar bein som har vakse saman (synostose) som eitt eller fleire. Talet på bein forandrar seg òg i løpet av livet. Fleire forbeiningssenter med brusk mellom slår seg saman til færre vaksne bein, ein prosess som oftast er ferdig i tjueåra.

Bein

Hovudskallen

Thumb
Ein menneskeskalle.

Hjerneskallen (8)

Andletsskallen (14)

I mellomøyret (6)

I strupen (1)

I skulderbogen (4)

Thumb
Akseskjelettet til mennesket med skulderblad, kragebein, brystbeinet, ribbein, ryggsøyle og bekkenbeina.

I brystkassa (25)

I ryggsøyla (24)

  • Halsvirvlane (7), vertebrae cervicales,
    • Den første halsvirvel, C1, atlas
    • Den andre halsvirvel, C2, axis
    • Den framståande halsvirvel, C7, vertebra prominens
  • Brystvirvlane (12), vertebrae thoracicae
  • Lendevirvlane (5), vertebrae lumbales

I overarmane (2)

I underarmane (4)

  • Spolebeinet (2), radius
  • Olbogebeinet (2), ulna

I handa utanom senebeina (54)

Thumb
Handbeina til mennesket. Her er ikkje senebeina vist.
  • Handrota, carpus
    • Båtbeinet (2), os scaphoideum
    • Månebeinet (2), os lunatum
    • Pyramidebeinet (2), os triquetrum
    • Ertbeinet (2), os pisiforme
    • Det store mangekanta beinet (2), os trapezium
    • Det vesle mangekanta beinet (2), os trapezoideum
    • Hovudbeinet (2), os capitatum
    • Krokbeinet (2), os hamatum
  • Mellomhanda, metacarpus
    • mellomhandsbeina (5 · 2), ossa metacarpi
  • Fingerbeina
    • Proksimale falangar (5 · 2), phalanx proximalis
    • Mellomfalangar (5 · 2), phalanx media
    • Distale falangar (5 · 2), phalanx distalis

I bekkenet (4)

  • Krossbeinet, os sacrum
  • Halebeinet, os coccyx
  • Hoftebeinet (2), os coxae, som er danna av dei samanvaksne
    • Tarmbeinet, os ilium
    • Sitjebeinet, os ischium
    • Skambeinet, os pubis

I låret (2)

  • Lårbeinet (2), femur

I leggen (6)

  • Kneskåla (2), patella
  • Skjenebeinet (2), tibia
  • Leggbeinet (2), fibula

I foten utanom senebeina (52)

Thumb
Fotknoklane til eit menneske.
  • Okla, tarsus
    • Hælbeinet (2), calcaneus
    • Ristbeinet (2), talus
    • Båtbeinet (2), os naviculare
    • Kilebeina (3 · 2), ossa cuneiformia mediale, media et laterale
    • Terningbeinet (2), os cuboideum
  • Mellomfoten, metatarsus
    • Mellomfotbeina (5 · 2), ossa metatarsi
  • Tåbeina
    • Proksimale falangar (5 · 2), phalanx proximalis
    • Mellomfalangar (4 · 2), phalanx media
    • Distale falangar (5 · 2), phalanx distalis

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.