Beda (kring 672–26. mai735), kjend som Beda den ærverdige (latin Beda venerabilis, engelsk Venerable Bede), var ein angelsaksiskmunk og forfattar. Han blir ofte kalla far til den engelske historieskrivinga, men skreiv også salmar og teologiske og vitskaplege verk. Det best kjende verket hans er Historia ecclesiastica gentis Anglorum, ei viktig kjelde til angelsaksisk historie.
Beda virka ved dei tilknytte klostera i Monkwearmouth og Jarrow (Monkwearmouth–Jarrow Abbey) i kongeriket Northumbria, no ved Sunderland. I Historia skriv han at han var fødd «på klosteret sitt land», som ein reknar med er dette klosteret. Som sjuåring blei han send til Monkwearmouth-klosteret der han blei utdanna av Benedict Biscop og seinare av Ceolfrith. Han blei diakon då han var 19 og prest då han var 30. Han budde resten av livet sitt ved klosteret, med nokre korte vitjingar til andre kloster. Livet hans var prega av bøn, klosterliv og studiar.
Beda døydde på Kristi himmelferdsdag den 26 mai 735. Læresveinen hans Cuthbert skreiv ein omtale av døden hans og nokre ord om Beda.
Mellom anna gjev han att eit dikt som er blitt kjend som «Bede's Death Song», eit gammalengelsk dikt på fem linjer som Beda kan ha forfatta.
Virke
I mellomalderen var Beda særleg kjend for dei teologiske verka sine, som bibelkommentarar og forklaringar. Det var særleg dette arbeidet som gjorde han viktig innan kyrkja og førte til at han blei helgenkåra. I tillegg til å kunna latin lærte han seg også gresk og prøvde å læra seg hebraisk for å kunna utføra det teologiske arbeidet.
De temporibus ('Om tid') frå rundt 703 gjev ei forklaring på påskeformelen[1] som bygde på Isidor av Sevilla sin Etymologiae og ei tidsline over verda som bygde på Eusebius og Bibelen.[2]
Han skreiv eit lengre verk om same tema, De temporum ratione ('Om tidsrekning'), som var viktig gjennom mellomalderen.[3] Her forklarer han antikke og mellomalderske syn på kosmos. Her forklarer han korleis ei sfærisk jord påverkar dagslengda, korleis rørslene til sola og månen påverkar korleis nymånen ser ut i skumringa, og tilhøvet mellom tidvatn og dei daglege rørslene til månen.[4]
I tillegg til instruksjonar for å rekna ut kva tid påsken fell, fortalde Beda korleis ein kunne finna tida for påskefullmånen, rørslene til sola og månen gjennom dyrekrinsen og mange andre kalenderutrekningar. Han fortel også om dei angelsaksiske månadane, noko som seinare er blitt ei viktig historisk kjelde.[5]
Som del av kalenderarbeidet sitt rekna Beda ut ein ny dato for den bibelske skapinga av verda, som han fastsette til 3952 f.Kr. For nyskapingane sine i utrekninga blei han skulda for kjetteri, noko han tilbakeviste.[6]
I tillegg til astronomi og tidsrekning skreiv Beda De natura rerum ('Om tinga sin natur'), inspirert av Isidor av Sevilla sitt verk av same namn.[7]
Bede (1943). Jones, C. W., red. Bedae Opera de Temporibus. Cambridge, MA: Mediaeval Academy of America.
Bede (2004). Bede: The Reckoning of Time. Sett om av Wallis, Faith. Liverpool: Liverpool University Press. ISBN0-85323-693-3.
Bede (2011). On the Song of Songs and selected writings. The Classics of Western Spirituality. Sett om av Holder, Arthur G. New York: Paulist Press. ISBN0-8091-4700-9. (contains translations of On the Song of Songs, Homilies on the Gospels and selections from the Ecclesiastical history of the English people).
The Anglo-Saxon Chronicle. Sett om av Swanton, Michael James. New York: Routledge. 1998. ISBN0-415-92129-5.
Sekundærkjelder
Abels, Richard (1983). «The Council of Whitby: A Study in Early Anglo-Saxon Politics». Journal of British Studies23 (1): 1–25. JSTOR175617. doi:10.1086/385808.
Behr, Charlotte (2000). «The Origins of Kingship in Early Medieval Kent». Early Medieval Europe9 (1): 25–52. doi:10.1111/1468-0254.00058.
Blair, Peter Hunter (1990). The World of Bede (Reprint of 1970 utg.). Cambridge: Cambridge University Press. ISBN0-521-39819-3.
Brooks, Nicholas (2006). «From British to English Christianity: Deconstructing Bede's Interpretation of the Conversion». I Howe, Nicholas; Karkov, Catherine. Conversion and Colonization in Anglo-Saxon England. Tempe, AZ: Arizona Center for Medieval and Renaissance Studies. s.1–30. ISBN0-86698-363-5.
Brown, George Hardin (1987). Bede, the Venerable. Boston: Twayne. ISBN0-8057-6940-4.
Brown, George Hardin (1999). «Royal and Ecclesiastical rivalries in Bede's History». Renascence51 (1): 19–33.
Campbell, J. (2004). «Bede (673/4–735)». Oxford Dictionary of National Biography (revised May 2008 utg.). Oxford University Press. (krev abonnement (help)).
Cannon, John; Griffiths, Ralph (1997). The Oxford Illustrated History of the British Monarchy. Oxford University Press. ISBN0-19-822786-8.
Chadwick, Henry (1995). «Theodore, the English Church, and the Monothelete Controversy». I Lapidge, Michael. Archbishop Theodore. Cambridge Studies in Anglo-Saxon England #11. Cambridge, UK: Cambridge University Press. s.88–95. ISBN0-521-48077-9.
Dorey, T. A. (1966). Latin Historians. London: Routledge & Kegan Paul.
Farmer, David Hugh (1978). The Oxford Dictionary of Saints. Oxford, UK: Oxford University Press. ISBN0-19-282038-9.
Farmer, David Hugh (2004). The Oxford Dictionary of Saints (Fifth utg.). Oxford, UK: Oxford University Press. ISBN978-0-19-860949-0.
Fleming, Robin (2011). Britain after Rome: The Fall and the Rise, 400 to 1070. London: Penguin Books. ISBN978-0-14-014823-7.
Goffart, Walter A. (1988). The Narrators of Barbarian History (A. D. 550–800): Jordanes, Gregory of Tours, Bede, and Paul the Deacon. Princeton, N.J.: Princeton University Press. ISBN0-691-05514-9.
Higham, N. J. (2006). (Re-)Reading Bede: The Historia Ecclesiastica in Context. Routledge. ISBN978-0-415-35368-7.
Lapidge, Michael (2005). «Poeticism in Pre-Conquest Anglo-Latin Prose». I Reinhardt, Tobias et al. Aspects of the Language of Latin Prose. Oxford, UK: Oxford University Press. ISBN0-19-726332-1.
Loyn, H. R. (1962). Anglo-Saxon England and the Norman Conquest. Longman. ISBN0-582-48232-1.
McCready, William D. (1994). Miracles and the Venerable Bede: Studies and Texts. Pontifical Institute of Mediaeval Studies #118. Toronto: Pontifical Institute of Mediaeval Studies. ISBN0-88844-118-5.
Mayr-Harting, Henry (1991). The Coming of Christianity to Anglo-Saxon England. University Park, PA: Pennsylvania State University Press. ISBN0-271-00769-9.
Meyvaert, Paul (1996). «Bede, Cassiodorus, and the Codex Amiatinus». Speculum (Medieval Academy of America) 71 (4): 827–883. JSTOR2865722. doi:10.2307/2865722.
Opland, Jeff (1980). Anglo-Saxon Oral Poetry: A Study of the Traditions. New Haven and London: Yale U.P. ISBN0-300-02426-6.
Ray, Roger (2001). «Bede». I Lapidge, Michael; et al. Blackwell Encyclopedia of Anglo-Saxon England. Malden, MA: Blackwell. s.57–59. ISBN978-0-631-22492-1.
Stenton, F. M. (1971). Anglo-Saxon England (Third utg.). Oxford: Oxford University Press. ISBN978-0-19-280139-5.
Thacker, Alan (1998). «Memorializing Gregory the Great: The Origin and Transmission of a Papal Cult in the 7th and early 8th centuries». Early Medieval Europe7 (1): 59–84. doi:10.1111/1468-0254.00018.
Thompson, A. Hamilton (1969). Bede: His Life, Times and Writings: Essays in Commemoration of the Twelfth Century of his Death. Oxford: Oxford University Press.
Tyler, Damian (April 2007). «Reluctant Kings and Christian Conversion in Seventh-Century England». History92 (306): 144–161. doi:10.1111/j.1468-229X.2007.00389.x.
Wallace-Hadrill, J. M. (1988). Bede's Ecclesiastical History of the English People: A Historical Commentary. Oxford Medieval Texts. Oxford: Clarendon Press. ISBN0-19-822269-6.
= (2001). «Bede the Theologian». I Evans, G. R. The Medieval Theologians: An Introduction to Theology in the Medieval Period. Malden, MA: Blackwell Publishing. s.57–64. ISBN978-0-631-21203-4.
Wormald, Patrick (1999). The Making of English Law: King Alfred to the Twelfth Century. Oxford: Blackwell. ISBN0-631-13496-4.
Wright, J. Robert (2008). A Companion to Bede: A Reader's Commentary on The Ecclesiastical History of the English People. Grand Rapids, MI: Eerdmans. ISBN978-0-8028-6309-6.
Yorke, Barbara (2006). The Conversion of Britain: Religion, Politics and Society in Britain c. 600–800. London: Pearson/Longman. ISBN0-582-77292-3.