Barbi Henneberger
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Barbi Henneberger, eigentleg Barbara-Maria Henneberger, (4. oktober 1940–12. april 1964) var ein tysk alpin skirennar frå Oberstaufen i Bayern som vann OL-bronsen i slalåm i 1960 og VM-bronsen i kombinasjon 1960, begge medaljane tok ho under vinterleikane i Squaw Valley.
Barbi Henneberger | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 4. oktober 1940 Oberstaufen |
Død |
12. april 1964 (23 år) |
Yrke | alpinist |
Språk | tysk |
Høgd | 168 centimeter |
Barbi Henneberger på Commons |
Henneberger deltok i alle øvingane under dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley. Her gjorde ho det best i slalåm, der ho tok bronsemedaljen, men var nærare sju sekund bakom gullmedaljevinnaren, Anne Heggtveit frå Canada. For dei samla resultata i olympiaden vann Henneberger VM-bronse i kombinasjon, ei øving som ikkje stod på OL-programmet.
Ved VM i alpine greiner 1962 i franske Chamonix enda Henneberger på fjerdeplassen i utfor, ni hundredels sekund bakom bronsevinnaren, og vart nummer fem i slalåm og 13 i storslalåm. Med desse prestasjonane enda ho på fjerdeplassen i kombinasjonen.
Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck vart Henneberger nummer fem, sju og ti i høvesvis utfor, storslalåm og slalåm. I VM-kombinasjonen gav det henne ein femteplass.
Vel to månader etter leikane i Innsbruck omkom Henneberger i eit snøskred i Val Selin nær St. Moritz under filminnspeling. Også den USA-amerikanske alpinisten Buddy Werner omkom i skredet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.