From Wikipedia, the free encyclopedia
Bamako er hovudstaden i det afrikanske landet Mali. Byen ligg ved elva Niger (Joliba 'blodelva' (joli 'blod', ba 'elv') på bambara) i den sørvestlege delen av landet. Bamako er administrativt sentrum i landet, og er ein viktig hamneby og eit regionalt handelssentrum. Hovudnæringane er tekstil, matvarer og metall.
Bamako | |||
by | |||
Land | Mali | ||
---|---|---|---|
Areal | 245 km² | ||
Folketal | 4 227 569 (2023) | ||
Bamako 12.645833333333°N 7.9922222222222°W | |||
Wikimedia Commons: Bamako | |||
Bamako er på sjetteplassen mellom dei raskast veksande byane i verda.[1] I 1884 hadde byen 2 500 innbyggjarar, i 1908 8000 innbyggjarar,[2] i 1945 37 000 innbyggjarar, i 1960, året då Mali blei uavhengig, hadde talet stige til 100 000, og i 2009 var det kome opp i 2 209 225.[treng kjelde] Byen er dessutan den sjuande største i Vest-Afrika, etter Lagos, Abidjan, Kano, Ibadan, Dakar og Accra.
Namnet Bamako kjem frå bambara og tyder 'krokodillerygg' (bama 'krokodille'; kɔ 'rygg').[3]
Bamako har desse bydelane; namna er skrivne på bambara (bamanankan) og nokre i tillegg på fransk (etter skråstreken når båe språka er med):
|
|
|
|
Bamako ligg lengst sør i Sahel og har eit tropisk klima med ein gjennomsnittleg nedbør på 878 mm i året, og med ei klårt åtskild tørketid og regntid.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.