Bajdaratskajabukta (russisk Байдарацкая губа, Bajdaratskaja guba) er ei bukt i Russland på sørsida av Karahavet mellom den nordlege enden av Uralfjella og Jamalhalvøya. Bukta har ei lengd på om lag 180 km og ei breidde på om lag 78 km ved munningen. På det djupaste er bukta opp mot 20 meter. Overflatevatnet held 5-6 °C om sommaren, og om vinteren frys bukta til. Elvane Bajdarata, Juribej og Kara, samt nokre til, munnar ut i Bajdaratskajabukta.
Bukta inneheld nokre større øyar, som Torasovej, Litke og Levdijev.
Gazprom har lagt ei gassrøyrleidning over bukta frå dei rike gassførekomstane på Jamal.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Baydaratskaya Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ei skildring av Bajdaratskajabukta i samband med legginga av gassrøyrleidninga (på russisk)
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.