From Wikipedia, the free encyclopedia
Hägglunds Bv206 er eit svenskprodusert amfibisk rammestyrt beltedrive terrengkøyretøy, utvikla på 1980-talet. I 2005 var det i bruk i 35 land, mellom anna av det norske forsvaret, der det erstatta Volvo BM BV202. Forsvaret kallar det BV-206 (altså med bindestrek), og brukar det i hovudsak som personellkøyretøy for motorisert infanteri. Den blir òg bruka i fleire versjonar som til dømes bombekastar, sambandsberar og ambulanse. Forsvaret oppgir prisen på ei vogn til å vera rundt 1,3 millionar og driftskostnadene per kilometer til å vere kroner 63, begge i 1996-kroner.[1]
Vogna består av to separate delar, og er rammestyrt ved at hydrauliske sylindrar verkar på leddet mellom vognene. Det er drift på alle fire belta, som er av stålforsterka gummi. Den ekstra girkassa er utstyrt med lågserie. Bv206 flyt, og kan ta seg over ope vatn med belta som framdrift.
Namnet på variantane er Hägglund sine namn. Dei forskjellige militærvesna der vognene er i bruk kan ha andre nemningar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.