Bòrd na Gàidhlig
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bòrd na Gàidhlig er eit offisielt språkråd for det skotsk-gæliske språket i Skottland. Det har base i Inverness og har som uttalt ynske at det skotsk-gæliske språket skal snakkast breitt og vidt.
Bòrd na Gàidhlig vart gjort til ein offentleg instans etter eit språkvedtak i det skotske parlamentet. Dette vedtaket er kjend som the Gaelic Language (Scotland) Act 2005, og tredte i kraft i februar 2006.
Vedtaket gav tre klåre mål for verksemda til Bòrd na Gàidhlig:
Styreleiaren og medlemmene i Bòrd na Gàidhlig vart utnemnde av dei skotske ministrane i januar 2006. Rådet har no elleve medlemmer i alt, inkludert formannen. Bòrd na Gàidhlig får aktiv pengestønad frå det skotske parlamentet og må underretta parlamentet om verksemda si. I tillegg til parlamentet samarbeider Bòrd na Gàidhlig med andre gæliske språkorganisasjonar og innbyggjarane i Skottland.
I april 2010 godkjende dei skotske ministrane ein handlingsplan for å auka talet på språkbrukarar i Skottland. Planen har fått namnet Ginealach Ùr na Gàidhlig og tek særleg sikte på å undervisa førskuleborn og å gje støtte til foreldra deira. I tillegg tek planen sikte på å få fleire vaksne til å vilja læra seg skotsk-gælisk, samt å skaffa fleire lærarar som kan undervisa i språket.
I 2012 fekk Bòrd na Gàidhlig sponsa ein ny priskategori under dei skotske utdanningsprisane (Scottish Education Awards), som har blitt utdelt årleg sidan 2001.[1] I 2012 kunne ein for fyrste gong få utdanningsprisen i ein kategori for skotsk-gælisk språk og kultur i læringsprosessen.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.