norsk botaniker From Wikipedia, the free encyclopedia
Axel Gudbrand Blytt (fødd 19. mai 1843 i Christiania, død 18. juli 1898 i Kristiania) var ein norsk botanikar. Axel Blytt arbeidde som konservator ved Universitetet i Oslo frå 1865, som universitetsstipendiat i botanikk frå 1873 og som professor frå 1880.
Axel Gudbrand Blytt | |||
| |||
Fødd | 19. mai 1843 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 18. juli 1898 Christiania | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | mykologi, botanikk, paleontologi, geologi | ||
Yrke | botanikar, professor, geolog, mykolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Valborg Blytt | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina |
Blytt var son av Matthias Numsen Blytt som òg var ein viktig botanikar. Faren byrja på arbeidet med Norges Flora, og sonen Axel fullførte det med bind 2 (1874) og bind 3 (1876). I dei siste leveåra sine arbeidde han på Haandbog i Norges Flora som kom ut posthumt, redigert av eleven Ove Dahl.
I dag er Axel Blytt mest kjend for ein teori frå 1876 som han kalla Forsøg til en Theorie om Indvandringen af Norges Flora under vexlende regnfulde og tørre Tider. I denne teorien fordeler han norske planter på seks grupper som han meinte vandra inn til Noreg under ulike klimaperiodar etter den siste istida. Mykje av denne teorien er seinare motbevist, men den danna grunnlaget for Rutger Sernander sin Blytt-Sernanders klimavekslingsteori. Charles Darwin las både far og sønn Blytt, og dei blei sjølve påverka av Darwin.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.