From Wikipedia, the free encyclopedia
Avestisk er eit austiransk språk som døydde ut om lag 800 år f.Kr. Saman med gammalpersisk er det den eldste iranske språket ein kjenner til. Iranske språk er ein del av den indoiranske språkgruppa, som er den store austlege greina av indoeuropeiske språk. Andre språk frå denne greina er sanskrit. Avestisk er har klare likskapar med både sanskrit og gammalpersisk.
Avestisk | ||
Klassifisering: | Indoeuropeisk Indoiransk Iransk Austiransk | |
Bruk | ||
Skriftsystem: |
| |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | ae | |
ISO 639-2: | ave | |
ISO 639-3: | ave | |
Glottolog: | aves1237 | |
Språket blei nytta i Avesta, den heilage boka til zoroastrismen, til hymner og dikt. Det kan delast i to språkperiodar, gammalavestisk og nyvestisk. Truleg blei gammalavestisk brukt av Zarathustra sjølv. Det blir rekna for å vera frå om lag 1000 før Kristus og vera i slekt med forma av sanskrit som er brukt i dei indiske Veda-skriftene. Nyavestisk er delt i to grupper: Opphavleg nyavestisk, som var i bruk til om lag 800 år før Kristus, og kunstig nyavestisk, som blei nytta av prestar i seinare tider til å skriva nye tekstar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.