Aust-Sibir-havet
hav From Wikipedia, the free encyclopedia
hav From Wikipedia, the free encyclopedia
Aust-Sibir-havet er eit randhav i Nordishavet. Det ligg mellom Kapp Arktis i nord, kysten av Sibir i sør, Nysibirøyane i vest og Kapp Billings, nær Gytkhelen i Tsjukotka og Wrangeløya i aust. Havet grensar til Laptevhavet i vest og Tsjuktsjarhavet i aust.
Aust-Sibir-havet russisk Восточно-Сибирское море; Vostotsjno-Sibirskoje more | |||
hav | |||
Satellittbilete av Nysibirøyane med Laptevhavet til venstre og Aust-Sibir-havet til høgre. | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Polhavet | ||
Aust-Sibir-havet 72°N 163°E | |||
Kart som viser Aust-Sibir-havet.
| |||
Wikimedia Commons: East Siberian Sea | |||
Havet dekkjer 361 000 km² og 70 % av det er ikkje djupare enn 50 meter. Det djupaste punktet er 155 meter. Kysten er stort sett flat i vest, opp til munningen av elva Koljma og fjellkledd i aust. Middeltemperaturen i lufta er 0-2 °C (4 °C i sør) om sommaren og om vinteren ned mot -30 °C.
Det er ingen øyar sentralt i Aust-Sibir-havet og berre nokre få øyar langs kysten, som Ajonøya og Medvjezjiøyane.
Sidan det ligg så langt nord er Aust-Sibir-havet dekt av is det meste av året.
Av store elvar som renn ut i Aust-Sibir-havet finn ein Indigirka, Alazeja, Ujandina, Kolyma, Rautsjua, Tsjaun og Pegtymel.
Dei største hamnebyane er Pevek og Logasjkino.
Havet vart segla av russiske sjøfararar frå ein elvemunning til den neste i kotsjar så tidleg som 1600-talet. I 1648 segla Semjon Dezjnev og Fedot Alekseev langs kysten av Aust-Sibir-havet frå Kolyma til Anadyrelva i Beringhavet. Systematisk utforsking og kartlegging av havet og kysten vart utført i fleire ekspedisjonar i 1735-42, 1820-24, 1822, 1909 og 1911-14.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.