tysk matematikar From Wikipedia, the free encyclopedia
August Leopold Crelle (11. mars 1780–6. oktober 1855) var ein tysk ingeniør og matematikar. Han vart fødd i Eichwerder i nærleiken av Wriezen i Tyskland, og han døydde i Berlin. Han starta Journal für die reine und angewandte Mathematik (òg kjent som Crelles Journal).
August Leopold Crelle | |||
| |||
Fødd | 17. mars 1780 Wriezen | ||
---|---|---|---|
Død | 6. oktober 1855 Berlin | ||
Nasjonalitet | Kongedømet Preussen | ||
Område | matematikk | ||
Yrke | matematikar, ingeniør | ||
Alma mater | Universitetet i Heidelberg | ||
Medlem | Det prøyssiske vitskapsakademiet Kungliga Vetenskapsakademien Det russiske vitskapsakademiet |
Av yrke var Crelle ingeniør, og han var kjent i Tyskland for å ha konstruert jarnbaner og vegar.[1] Han var òg svært interessert i matematikk, og han vart kjent med Niels Henrik Abel då Abel vitja Berlin. Dei to vart etter kvart gode vener, og Abel publiserte ein stor del av artiklane sine i tidsskriftet til Crelle. Crelle jobba lenge for å skaffe Abel ei fast stilling i Berlin, og etter kvart klarte han òg dette. Brevet med den glade meldinga om fast stilling og ei sikker framtid i Berlin nådde fram nokre få dagar etter at Abel døydde.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.