Arne Nordheim
norsk komponist (1931-2010) From Wikipedia, the free encyclopedia
Arne Nordheim (20. juni 1931–5. juni 2010), var ein norsk komponist og musikkritikar.
Arne Nordheim | |||
| |||
Fødd | 20. juni 1931 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Larvik | ||
Død | 5. juni 2010 (78 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | orgel | ||
Plateselskap | Simax, Philips Records | ||
Verka som | komponist, filmmusikkomponist | ||
Gift med | Rannveig Getz | ||
Prisar | Norsk kulturråds ærespris, Oslo bys kulturpris, kommandør med stjerne av St. Olavs Orden, kommandør av Republikken Italias fortjenstorden, kommandørkors av Republikken Polens fortjenstorden, Nordisk råds musikkpris, Edvard-prisen i samtidsmusikk |
Liv
Arne Nordheim vart fødd den 20. juni 1931 i Larvik. 1948–51 studerte han ved Musikkonservatoriet i Oslo. I 1954 vart det første verket hans, Essay for strykekvartett, oppført ved Ung Nordisk Musikkfest i Stockholm. Han såg ikkje dette stykket som sitt opus 1 — strykekvartetten frå 1956 skal vera hans første riktige verk.
Nordheims viktigaste sjanger er orkesterverk. I dei tidlege verka som Aftonland, Canzona og Epitaffio prøver han å gje dei tradisjonelle instrumenta ein ny klang. Han byrja etter kvart å bruke elektronikk på magnetband og hadde i ei tid elektronikk som hovudtema. Frå denne tida stammar reint elektroniske verk som Solitaire, men òg verk der elektronikken vart blanda med tradisjonelle instrument som td. slagverk. Han har òg skrive mykje for radio og fjernsyn, teater og ballett der han eksperimenterte mykje og gav musikken nye grenser.
Utmerkingar
- Lindemanprisen i 1981
- Amandaprisen i 1986 for beste originalskrivne musikk i filmen Kong Lear.
- Norsk kulturråds ærespris i 1990.
- Anders Jahres kulturpris i 1997
- Utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden i 2004.
- Edvard-prisen 2006 i klassen Samtidsmusikk.
Arne Nordheim budde i Grotten, Statens æresbustad for kunstnarar.
Kjelder
- «Arne Nordheim» på Wikipedia på bokmål
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.