norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Arne Dokken (fødd 27. august 1955) er ein norsk tidlegare fotballspelar, -trenar og idrettsleiar frå Drammen. Han vart norsk meister to gongar med Lillestrøm SK og gresk cupmeister for Panathinaikos. Dokken var midtspiss og deltok i 24 landskampar for Noreg.
Arne Dokken | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. august 1955 (68 år) Drammen kommune |
Idrett | fotball |
Dokken markerte seg i 1972 som flittig målskårar for Åssiden IF, og bidrog mykje til at det vart opprykk til 3. divisjon. Frå 1975 spelte han for Strømsgodset IF, allereie i sin fyrste sesong vart han toppskårar i 1. divisjon. Han fylgde laget ned i 2. divisjon, men gjekk vinteren 1978 over til fyrstedivisjonslaget Lillestrøm SK. Han var innbytar då LSK vann cupfinalen 1978. Sesongen 1980 vart han toppskårar i norsk seriefotball. Sommaren 1981 vart Dokken overført til den greske toppklubben Panathinaikos. Sesongen 1983/84 gjorde han teneste i Apollon. Etter tre sesongar i gresk fotball, vende han i 1984 tilbake til Noreg og spel for Rosenborg BK til 1986. Frå hausten 1985 til -87 hadde han rolla som hovudtrenar i Trondheims-klubben.
Dokken fekk sin landslagsdebut 28. august 1975, dagen etter fylte 20 år. Han spelte 3 landskampar i 1975-76, og 21 kampar i tida frå juli 1980 til september 1984. 9. september 1981 var han innbytar då Noreg slo England 2-1 på Ullevål stadion i ein VM-kvalifiseringskamp. Dokken lukkast ikkje skåre meir enn 2 landslagsmål, det fyrste mot Finland i 1980 og det andre mot Luxembourg i 1984.
Dokken har hatt trenar- og leiaroppgåver i ei rad med norske fotballklubbar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.