Arild Sandvold
From Wikipedia, the free encyclopedia
Arild Edvin Sandvold (2. juni 1895–12. august 1984) var ein norsk organist og komponist frå Oslo. Størstedelen av virket sitt gjorde han som organist i Oslo domkyrkje og som orgellærar på Oslo Musikkonservatorium (no Noregs Musikkhøgskule) i meir enn 50 år.
Arild Sandvold | |||
Fødd | 2. juni 1895 | ||
---|---|---|---|
Død | 12. august 1984 (89 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | orgel | ||
Verka som | komponist, organist | ||
Prisar | Finlands løves orden, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen, hedersledamot |
Sandvold studerte først nokre år i Oslo, før han reiste til Leipzig der han lærte orgelspel hjå Karl Straube. I Leipzig høyrde Sandvold Max Reger sin orgelmusikk, som fekk stor påverknad på han. Denne påverknaden kjem tydelegast fram i det store orgelverket Introduktion og Passacaglia, som er særs omtykt òg i dag.
Utmerkingar
- I 1949 blei Sandvold utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden
- I 1953 blei han utnemnd til riddar av 1. klasse av Finlands løves orden.
- I 1964 blei han utnemnd til medlem av det svenske Kungliga Musikaliska Akademien.
- I 1965 forfremja til kommandør av St. Olavs Orden.
- I 1978 fekk han Lindemanprisen.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.