lommeklaff i hjartet mellom venstre hjartekammer og aorta From Wikipedia, the free encyclopedia
Aortaklaffen er ein hjarteklaff og sit i utløpet frå venstre hjartekammer og i starten av livpulsåra (aorta). Han slepper blodet frå hjarte og ut systemkretsløpet når hjarte trekkjer seg saman (systolen). Når hjarte på nytt blir fylt (diastolen) hindrar klaffen blodet i å renne attende.
Aortaklaffen har ei sirkelforma grunnflate. Han har tre kuspar (frå latin cuspis, brodd) eller lommer, som opnar når trykket i venstre hjartekammer stig. Når trykket søkk, snur blodstraumen og lommene blir fylt med blod og klaffen lukkar. Han liknar derfor på veneklaffane.
Nedst på livpulsåra, bak kuspane, er det ei utviding kalla sinus Valsalva kor ein finn avgangen av kranspulsårene. Sinus Valsalva gjer at kuspane ikkje legg seg heilt inn mot åreveggen og at blodstraumen ut i kranspulsårene ikkje blir avbroten.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.