From Wikipedia, the free encyclopedia
Anna Dahlberg, gift Olsson i 2008, (fødd 1. mars 1976) er ein svensk tidlegare langrennar frå Kramfors i Ångermanland. Ho vart olympisk meister i lagsprint under Vinter-OL 2006 og tok sølvmedaljen i same øvinga då Ski-VM 2009 fann stad i Liberec. I begge meisterskapane gjekk ho i lag med Lina Andersson.
Anna Dahlberg | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 1. mai 1976 (48 år) Kramfors |
Idrett | langrenn |
Tok del i | cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics, Langrenn under Vinter-OL 2010, Ski-VM 1997, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009 |
Dahlberg deltok i verdscupen i langrenn fyrste gongen i 1997 og var aktiv til OL-sesongen 2010. Ho markerte seg einast i dei korte tevlingane, alle hennar 12 individuelle pallplasseringar i verdscupen kom i sprintøvinga. Den 4. februar 2006 tok ho sin einaste individuelle verdscupsiger, med di ho sigra i ei 1 kilometer lang sprinttevling i klassisk stil i Davos. Åtte dagar seinare gjekk ho fyrst då ho og Lina Andersson vann gull i lagsprinten/vekslingsstafetten under vinterleikane i Torino, 0,6 sekund framom Canada. Under Ski-VM 2007 i Sapporo vart Dahlberg nummer fire i sprinttevlinga, og gjekk ein etappe for det svenske mannskapet som kom på fjerdeplassen i 4 x 5 km stafett. I ski-verdsmeisterskapen 2009 enda ho som Anna Olsson sist i finalefeltet i den individuelle sprintøvinga, medan ho i par med Lina Andersson gjekk i mål til sølv på lagsprinten. Anna Olsson avslutta sine internasjonale meisterskapstevlingar med ein ny individuell fjerdeplass i sprint ved Vinter-OL 2010 i Vancouver.
Ho er gift med langrennaren Johan Olsson.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.