Anna Anka

polsk-svensk-amerikansk skodespelar og fotomodell From Wikipedia, the free encyclopedia

Anna Anka

Anna Anka (fødd 28. april 1971 i Folkerepublikken Polen) er ein polsk-svensk-amerikansk skodespelar og fotomodell.

Kjappe fakta
Anna Anka
Thumb
StatsborgarskapSverige, Folkerepublikken Polen
Fødd28. april 1971 (53 år)
Polen, Folkerepublikken Polen
Yrkeskodespelar, journalist, modell, venleikstevlingsdeltakar
Språksvensk, engelsk
Ektefelleukjend verdi, Paul Anka
Nettstadhttp://annaanka.com/
Anna Anka på Commons
Lukk

Anna Anka vart oppdaga i svenske medium i 2009 som deltakar i realityserien Svenska HollywoodfruarTV3. Anka var frå 2008 til 2010 gift med songaren Paul Anka og budde i Beverly Hills i Los Angeles i USA. 25. september 2009 var Anna Anka gjest i Skavlan som vert sendt både i Sverige og Noreg, og vart dermed kjent òg for eit norsk publikum.

Anka vart fødd i Folkerepublikken Polen (no Republikken Polen), der mora døydde under fødselen. Ho kom på barneheim, og vart då ho var tre år adoptert av ein familie frå Bjuv i Skåne i Sverige.

I 2011 var ho å sjå i ein norsk fjernsynsreklame for Coop Prix. Ho kom på sjetteplass i den sjuande sesongen av Skal vi danseTV 2.

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.