Anette Bøe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Anette Bøe (fødd 5. november 1957) er ein tidlegare norsk langrennslaupar og ishockeyspelar frå Larvik. Ho var ein av dei fyrste utøvarane som meistra skøyteteknikken.
Anette Bøe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. november 1957 (67 år) Hedrum kommune |
Idrett | langrenn, ishockey, triatlon, sykkelsport |
Tok del i | Vinter-OL 1980, Ski-VM 1982, Ski-VM 1985, Ski-VM 1987, Vinter-OL 1988 |
Utmerkingar | Egebergs Ærespris, Holmenkollmedaljen, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris, Sportsjournalistenes statuett |
Skikarriere
Ho vann bronse på 4 x 5 km stafett i OL i Lake Placid i 1980, og i VM i Oslo i 1982 vann ho gull på stafett. I VM i Seefeld i 1985 vann Anette Bøe individuelt gull på 5 og 10 km, sølv på stafetten samt bronse på 20 km. Ho vann også verdenscupen i langrenn i 1985.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
- Ski-NM 1978: Nr 8 på 10 km på Konnerud
- Ski-NM 1979: Gullmedalje på 5 km på Steinkjer, bronse på 20 km i Rindal
- Ski-NM 1980: Sølvmedalje på 5 km i Asker
- Ski-NM 1981: Gull på 20 km og sølv på både 5 km og 10 km på Eidsvoll
- Ski-NM 1982: Nr 4 på 5 km på Raufoss
- Ski-NM 1983: Bronsemedalje på 5 km og på 20 km på Lillehammer
- Ski-NM 1984: Nr 7 på 5 km i Hof
- Ski-NM 1985: Nr 4 på 10 km i Tromsø
- Ski-NM 1986:
- Ski-NM 1987: Sølvmedalje på 20 km i Steinkjer
- Ski-NM 1988: Bronsemedalje på 10 km på Vang
- Ski-NM 1989: Nr 5 på 5 km på Geilo
Prisar og utmerkinger
Anette Bøe har fått Holmenkollmedaljen, Porsgrund Porselænsfabriks ærespris for kvinner og Egebergs ærespris.
Anna
Anette Bøe har vunne NM i både triathlon og ishockey for Vålerenga Ishockey, og har vore aktiv innan terrengsykling.
Bakgrunnsstoff
- Biografi hos FIS Arkivert 2011-05-25 ved Wayback Machine.
- Anette Bøe hos Store Norske Leksikon
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.