From Wikipedia, the free encyclopedia
Amorgós (gresk Αμοργός) er ei øy i Hellas, den austlegaste øya i Kykladane i Egearhavet og den øya i gruppa som ligg nærast Dodekanesane. Øya har eit areal på 126 km².
Amorgós Lokalt namn Αμοργός | |
---|---|
Klosteret Panagía Khosoviótissa på Amorgós | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°5′00″N 25°28′00″E |
Øygruppe | Kykladane |
Areal | 126,4 km² |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Náxos |
Største busetnad | Amorgós (441 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 1 961 (2021[1]) |
Folketettleik | 15,5 /km² |
Amorgós er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Amorgós 1 961 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 441 innbyggjarar.[1]
På grunn av plasseringa til Amorgos var ho ein av dei første stadane at jonarar kom til frå dei joniske byane Milet, Halikarnassos og Efesos på veg til Kykladane og det greske fastlandet.
I antikken hadde øya tre sjølvstendige byar med sjølvstyre og same valuta. Storleiken og det kunstneriske arbeidet på bymurane til Areksini, dei antikke tårna på øya, dei antikke gravene, steinreiskapane, inskripsjonane, vasane og andre lekamar viser at Amorgós var ein blømande sivilisasjon i antikken. Namnet på dei tre byane er Arkesini, Minoa og Aigiali eller Melania. Dei ligg alle på vestsida av øya der ein kan finne naturlege hamner.
Amorgós vert òg kalla Yperia, Patagy eller Platagy, Pagali, Psikhia, og Karkisia. Ein del av øya vert kalla Aspis, der det antikke tempelet til gudinna Afrodite stod.
Øya vart filma i Luc Besson sin film Det store blå.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.