From Wikipedia, the free encyclopedia
65°34′17.494″N 21°46′42.010″E Alvik er ein tettstad i Luleå kommun i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 771 innbyggjarar. Alvik ligg sentralt plassart i det som blir kalla «firkanten», det vil sei området innanfor byene Luleå, Piteå, Älvsbyn og Boden. Alvik består av to bygder, Alvik og Långnäs, som etter kvart er bygd saman. I dag går ofte begge bygdene under namnet Alvik.
Alvik og Långnäs ligg i den sørlege delen av Luleå kommune, og der finst det leivningar som styrker teorien om at bygdene oppstod under mellomalderen. I historisk tid har folkesetnaden livnært seg ved jordbruk og husdyrhald, heilt fram til 1900-talet.
Alviks IK har ein stor barne- og ungdomsavdeling innan fotball, og har òg hatt eit seniorlag i Damallsvenskan.
På Alvikskolan, som blei bygd i 1993, går det ca. 120 elevar frå 1. til 6. klasse. Etter 6. klasse blir elevane flytta til Bergskolan på Bergnäset i Luleå. Alvik er ein barnerik by og dei fleste hushaldningane består av anten pensjonistar eller småbarnsfamiliar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.