From Wikipedia, the free encyclopedia
Algeriekrigen eller Sjølvstendekrigen i Algerie var ein krig i Algerie mellom åra 1954 og 1962. Algerie hadde sidan 1800-talet formelt vore ein del av Frankrike og ikkje ein koloni. Men i røynda var landet likevel ein koloni; den algerske folkesetnaden hadde ikkje røysterett og mange vart overvaka og trakasserte av dei franske okkupantane.
1. november 1954 starta geriljaen FLN opprør for eit sjølvstendig Algerie. Seinare vart det innleidd forhandlingar, og 1. juli 1962 vart det halde ei folkeavstemming, der det vart ja til sjølvstende. To dagar seinare anerkjende Frankrike det algeriske sjølvstendet, og ytterlegare to dagar seinare vart den nye staten Algerie utropt. 8. oktober same år vart Algerie FN-medlemsland nummer 109.
Frankrike avslo etter andre verdskrigen å gje Algerie sjølvstende. Alt i mai 1945 kom det til uro i algirske byar, og i byen Sétif vart demonstrantar massakrerte av franske styrkar.
I 1954 byrja Den nasjonale frigjeringsfronten FLN derfor væpna kamp mot kolonistyret. Dei franske styrkane i landet vart forsterka og kom opp i ca 500 000 mann. Dei vann somtid over FLN-styrkane, såleis til dømes i «Slaget om Algiers», men klarte ikkje vinne ein endeleg siger over motstandsrørsla. Dei franske styresmaktene utvikla ein omsynslaus strategi for å slå ned oppstanden. Krigen vart ført med stor brutalitet frå både fransk side og frå sjølvstenderørsla si side.
Det vart òg strid i sjølve Frankrike om stoda. Somme ville godta algirsk sjølvstende, medan delar av militæret og folk frå det franske busetjarmiljøet i Algerie truga med statskupp om den franske regjeringa gav etter for FLN. I 1961 stemte fleirtalet i Frankrike for tilbaktrekking i ei folkeavstemming. Den terroristiske busetjarorganisasjonen OAS auka aktiviteten sin, og FLN svara med mot-terror. 17. oktober 1961 gjekk 30 000 algirske sjølvstendetilhengarar i fredeleg protest-tog i Paris. Politiet gjekk til valdeleg åtak på demonstrasjonen, og skaut inn i mengda. Tusenvis vart arresterte og internerte i dagevis. Ca 200 demonstrantar vart drepne, og lika delvis berre kasta i Seinen.
Etter lange forhandlingar godtok Charles de Gaulle i Évian-avtalen 18. mars 1962 at Algerie hadde rett til sjølvstende. 1. juli 1962 stemte eit stort fleirtal av algirarane for sjølvstende i ei folkesavtemming, og 3. juli anerkjende Frankrike formelt sjølvstendet.
I løpet av dei sju og eit halvt åra krigen varte døydde ifølgje franske oppgåver 17 459 soldatar. FLN har anslått sine tap til ca 300 000. I alt kan mellom 350 000 og 1,5 millionar algirske muslimar ha mista livet, såvel FLN-soldatar som mange sivile. Ikkje-muslimske sivile tap er rekna til 4 000 døde. Dei fleste franske busetjarane fór til Frankrike etter sjølvstendekrigen. Muslimske algirarar som hadde gjort teneste for franskmennene, vart etterlatne da franskmennene drog seg tilbake, og mange av dei vart drepne.
I hovudsak den tyskspråklege wikipediaen, art. Algerienkrieg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.