From Wikipedia, the free encyclopedia
Alf Rolfsen (28. januar 1895–10. november 1979) var ein norsk kunstmålar, son av lesebokredaktøren Nordahl Rolfsen. Alf Rolfsen vert i dag rekna som ein av de leiande målarane av fresker og monumentalmåleri i mellomkrigstida. Saman med Axel Revold og Per Krohg vert han rekna som ein av dei tre «freskobrørne».
Alf Rolfsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. januar 1895 Christiania |
Død |
10. november 1979 (84 år) |
Yrke | kunstmålar |
Far | Nordahl Rolfsen |
Alf Rolfsen på Commons |
Alf Rolfsen vart fødd og voks opp i Oslo. Etter fullført examen artium i 1913 fòr han til København for å utdanna seg til arkitekt, men vart i staden innskriven på Kunstakademiet i København som målarstudent under Viggo Brandt og Peter Rostrup Bøyesen til 1916. Han debuterte på Efteraarsudstillingen i København i 1916, og studerte deretter i Paris i åra 1919–20. Her vart han influert av kubisme og den franske målaren André Derain, og heldt si fyrste separatutstilling i Kunstnerforbundet i 1920. Dette året gifte Rolfsen seg med Ingrid Platou, som vart kona hans resten av livet. Rolfsen føretok seg forøvrig mange studiereiser, særleg til Frankrike og Italia.
Freskoarbeida som Rolfsen stod for var svært detaljrike, fulle av litterære tema og symbolikk. Ved sida av dei mange freskene og måleria Rolfsen skapte i løpet av livet sitt, illustrerte han òg barnebøkene til far sin, Nordahl Rolfsen, samt eventyr av Asbjørnsen og Moe. Han forfatta òg nokre bøker som omhandla målarkunst sjølv, mellom dei ein biografi om Thorvald Erichsen, utgjeven i 1931.
Alf Rolfsen påtok seg òg fleire verv i kunstnarorganisasjoner, mellom anna som formann i Kunstnernes Hus i to økter. Han vart riddar av den svenske Nordstjerneordenen i 1937, fekk Kongens fortenestmedalje i gull tildelt i 1950, Prins Eugen-medaljen i 1951, vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1955 og fekk både Norsk kulturråds ærespris og St. Hallvardsmedaljen i 1971.
Måleri (eit utval)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.