Alf-Inge Håland

norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Alf-Inge Rasdal Håland (fødd 23. november 1972 Bryne) er ein norsk fotballspelar og fotballeiar. Han er sportsleg leiar i Bryne FK. Kallenamnet hans er «Alfie». Håland er ein av av seks spelarar som har spela på det norske landslaget utan nokon gong å ha spela i den norske toppdivisjonen. Totalt spela Håland 34 A-landskampar.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads
Remove ads

Klubbspel

Håland begynte fotballkarrieren i Bryne. Hausten 1993 signerte han for den engelske klubben Nottingham Forest. Han spelte seinare for Leeds og Manchester City, og deretter for Rosseland BK.

Landslagsspel

Håland fekk sin debut mot Costa Rica 19. januar 1994 i San Diego, ein kamp som enda mållaust. Han spelte VM-kampane mot Mexico og Italia under VM i fotball-1994. Fire år seinare kom han ikkje med i troppa til VM i fotball 1998. Etter juni 1999 fekk Håland berre ein landskamp, heimekampen mot Bulgaria 25. april 2001 vart han siste i landslagsdrakta. Han skåra ikkje for landslaget.

Merittar

  • Tredjeplass i den engelske ligaen: 1995 med Leeds United

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads