Alexander Eik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alexander Eik (fødd 8. januar 1972) er ein norsk filmregissør og skodespelar frå Oslo.
Remove ads
Karriere
Alexander Eik debuterte med kortfilmen Første akt i 2000, der han sjølv hadde regi og manus. Kortfilmen vann Amandaprisen 2001 for beste kortfilm. Han fylgte opp med kortfilmen Skoletrøtt i 2001, og hadde ei rolle som skodespelar i kortfilmen Dublin i regn same året.
Den fyrste langfilmen han regisserte, vart Kvinnen i mitt liv frå 2003, med Thomas Giertsen og Ane Dahl Torp i hovudrollene. Etter dette har han hatt suksess med regien av tre Varg Veum-filmar: Kvinnen i kjøleskapet (2008), Begravde hunder (2008) og I mørket er alle ulver grå (2011). Alexander Eik har også regissert reklamefilmar, samt musikkvideoar for kjende artistar som Morten Abel, Klovner i Kamp og Turboneger.
Remove ads
Filmografi
Regissør
- 2000: Første akt (Kortfilm)
- 2001: Skoletrøtt (Kortfilm)
- 2003: Kvinnen i mitt liv (Film)
- 2006: Kalde føtter (Film)
- 2008: Varg Veum - Kvinnen i kjøleskapet (Film)
- 2008: Varg Veum - Begravde hunder (Film)
- 2008: Nattsøsteren (Fjernsynsserie)
- 2010: Orkestergraven (Miniserie)
- 2011: Varg Veum - I mørket er alle ulver grå (Film)
Skodespelar
- 2001: Dublin i regn (Kortfilm)
- 2003: Kvinnen i mitt liv (Film)
- 2006: Kalde føtter (Film)
- 2008: Varg Veum - Kvinnen i kjøleskapet (Film)
- 2008: Varg Veum - Begravde hunder (Film)
Kjelder
- Filmfront.no om Alexander Eik
- Bokmålswikipedia om Alexander Eik, henta inn 26. november 2011
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads