brasiliansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Alex Rodrigo Dias da Costa (fødd 17. juni 1982 er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar. Han var ein stor og sterk midtstoppar, som etter tur hadde stor suksess med Santos i heimlandet, PSV i Nederland, Chelsea i Storbritannia og PSG i Frankrike.
Alex slo gjennom i Santos FC, ein klubb han vann to seriemeisterskap med. Frå sommaren 2004 spelte han på den nederlandske storklubben PSV Eindhoven i tre sesongar, og vart seriemeister alle tre sesongane. Ved sesongstart i august 2007 var han på plass i London-klubben Chelsea FC. Med laget frå den britiske hovudstaden tapte han meisterligafinalen 2008, før det vart triumfar i FA-cupen 2009, Premier League 2010 og FA-cupen 2010. Mot £4,2 millionar vart han i januar 2012 overført til Paris Saint-Germain, der var han med om å vinne den fransk toppserien dei neste to åra. Etter kontrakten med PSG gjekk ut i 2014, spelte han to sesongar for AC Milan i Italia.
Alex spelte 17 landskampar for Brasil i tida 2003-08. Høgdepunktet var triumfen i Copa América 2007.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.