norsk lege og forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia
Alexander Brinchmann (15. juni 1888–18. april 1978) var ein norsk forfattar og barnelækjar frå Oslo.
Alex Brinchmann | |
Pseudonym | Roy Roberts |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. juni 1888 Christiania |
Død |
18. april 1978 (89 år) |
Yrke | skribent, lege, barnelege |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Born | Arild Brinchmann, Helen Brinchmann |
Alex Brinchmann blei cand. med i 1912, og studerte barnesjukdommar ved Charité-sjukehuset i Berlin i 1913-1914. I 1921 vart han godkjend som spesialist i barnesjukdommar, og i 1922 vart han dr. med. Brinchmann gav ut ei rekkje vitskaplege artiklar innan pediatri, m.a. om nedkjemping av tuberkulose hjå born. I 1933 - 1934 var han formann i Norsk Pediatrisk Selskap, den noverande Norsk barnelegeforening. I tillegg til å jobba på Rikshospitalet ei tid, dreiv han privat lækjarpraksis i Oslo frå 1914 - 1972.
I 1927 debuterte han som skjønnlitterær forfattar under pseudonymet Roy Roberts. Dette pseudonymet nytta han i ei rekkje populære kriminalromanar han gav ut fram til 1971. Mann i gul frakk (1946) vert av mange halden for å vera den beste kriminalromanen hans.
Brinchmann gav også ut romanar under sitt eige namn, samt fleire skodespel. I hans komedie Karusell frå 1940 er det ein replikk som har gått inn i det norske språket som eit eige uttrykk, nemleg: «Piller og piller, fru Blom!» Piller vert i uttrykket bytt ut med det som passar for høvet.
Brinchmann fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1952. Han vart far til skodespelaren Helen Brinchmann og regissøren Arild Brinchmann.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.