From Wikipedia, the free encyclopedia
Agder lagmannsrett har sete i Skien er ein av dei seks lagmannsrettane i Noreg.
Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet – både i straffesaker og i sivile saker, sjå nærare om sakshandsaminga i artikkelen lagmannsrett. Lagmannsretten sine avgjerder kan – i noko avgrensa omfang - bli påkjært eller anka til Høgsterett.
Lagdømmet omfattar fylka Vestfold (unnatatt Svelvik og Sande kommune), Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder (unnatatt Sirdal kommune), jf. oversikta nedst på sida over dei tingrettane som høyrer til Agder lagdømme.
Agder lagmannsrett har kontor og rettslokale i Statens Hus i Skien. Den held òg rettsmøte i tinghusa i Tønsberg, Arendal og Kristiansand. Når det er behov blir det òg sett rett andre stader, særleg gjeld dette saker der det er naudsynt med synfaring. Domstolen blir leia av ein førstelagmann og har i tillegg ein lagmann og nitten fast utnemnde lagdommarar.
Domstolen vart etablert i 1936 i samband med at lagmannsrettane vart ankedomstolar i sivile saker istaden for overrettane. Ved etableringa hadde den ein lagmann og tre lagdommarar og funksjonærar.
Agder lagmannsrett si heimeside
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.