From Wikipedia, the free encyclopedia
Adrián Annus (fødd 28. juni 1973) er ein ungarsk, tidlegare sleggjekastar, fødd i Szeged. Han vart europameister i sleggjekast i 2002. To år seinare gjekk han til topps i OL-finalen i øvinga, men vart få dagar seinare frådømt gullmedaljen.
Adrián Annus | |
Statsborgarskap | Ungarn |
Fødd | 28. juni 1973 (51 år) Szeged |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996 |
Utmerkingar | æresborger av Gyula |
Annus vann gullmedaljen under EM i friidrett 2002 med eit lengste kast på 81,17 m framom Vladislav Piskunov frå Ukraina som nådde 80,39 m. Året etter erobra Annus sølvmedaljen under verdsmeisterskapen i Paris. Med eit kast på 80,36 m var han langt bak verdsmeisteren Ivan Tsikhan frå Kviterussland, som kasta 83,05 m.
Annus vart tildelt gullmedaljen i sleggjekast under Sommar-OL 2004 i Athen, men grunna mistankar om juks med urinprøvene vart han kalla inn til nye prøver. Han nekta å ta ein ny test, og vart då frådømt gullmedaljen. Medaljen nekta han å gje frå seg, fyrst etter Ungarn vart truga med sanksjonar leverte han frå seg medaljen.[1]
Han vart kåra til «Årets idrettsmann i Ungarn» i 2003.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.